
Der hev litt etter kvart vert fortalt sogur om ymse gamle kjente spelemenn, um Ola Kolsrud hev det som meg kjent ikkje vert prenta noko. Eg har i det høve vendt meg til 90-åringen John Kolbjørnsrud som kjendte mykje godt Kolsrud’n. John og Ola var ofte saman og ein kan vel sei at det var der John lærte spela. Eg yverlet forteljinga til John:
Ola Kolsrud vart født på plassen Kolsrud under Håberg i Heddal umkring 1820-åri (Ola var av tinndøl-ætt). Ola var ein mykje dugande spelemann, han var og ein flink treskjærar, felemakar og skreddar, mange gilde nasjonalbunader er levera frå honoms hand, felune han arbeide var som oftast med ei djup blaut tone, og dette var i samsvar med honoms musikalske anlegg. Spelet hans var rullandes, han hadde ein fingerferdighet som var vanskeleg for hans samtidsspelemenn og tilegna seg. Ola hadde ein sers lang veslefing, denne tyktest vera yveralt på strengjen, dette gav spelet honoms eit dirrande småfint toneslag.
Kolsrud’n var ordhitten og vrangkjefta, soleis fortelles det eingong han hadde lova ein nokre klær. Mannen kom på dagen som avtala, men diverre — Ola hadde ikkje noko av klærne ferdig, men du lova meg dem i dag, sa mannen. «Jau, sa Ola, det er då rett eg kan vel ikkje både lova og halde».
Kolsrud’n vart mykje nytta som spelemann både i bryllup og til dansemoro. Skulle det vera noko sers gildt, vart han ofte henta langvegs frå. Han livde i ei myrk pietistisk tid då mange beint ut sa det var synd å spela. Dette gjorde sitt til at det vart heller smått med den økonomiske utkoma, skulle det vera ei dansemoro so var det som oftast burte i husmannsstugone, og spelepengane var små, men det var ikkje turvande å bruke sterke drikkevarar når Kolsrud’n spela. Det var slikt liv i spelet hans at leiken tyktest gå av seg sjølv.
Han var ofte på Kongsbergmarknaden. Der traff han gamle Hans Fykerud, og Knut Dale fra Telemark og mange Numedal- og Hallingdals spelemenn. Alle tykte Kolsrud var ein dugande gild spelemann. Han hadde til vane alltid å byrgja spela ein gangar som heite «Margit Langerud» og mange er dei slåttar som no vert kalla «Kolsrudslått». (Ja, han hadde eit eigedomeleg spel, føyar John til). Eg hev hatt vitjing av Eiv. Groven og Torkjel Haugerud å spela mange «Kolsrudslåttar», det er truleg at dei har sett nokre av dei over på notur.
Ein gong Kolsrud skulle spela i eit gjestebod på Myrskott under øvre Rekå kom nokre ungdomar heim til han med brennevin – skjenkte han og fekk honom so med til ein annan stad der var dansemoro. Frå gjestebodsgaren kom det bod til meg om å spela der – eg måtte tilseinst lova- andre gjestebodsdagen kom Kolsrud- han skulle då yvertaka spelet, men det var ikkje noko med han, eg gjekk så burt til han og sa «Her skal du få pengane eg har spela inn til deg, tok so upp or vestelumma alt eg hadde fenge i fela – det var rettnok mykje småpengar ga honom – men då skal eg seia deg han kom i lag – då spela han slik at det vart ein heil uppleving for meg.
Sine seinste leveår, budde han i ei lita stogu på Ingolfsrudøya. Denne vesle heimen lå omkransa av stor og myrk granskog det skyma mot kveld så trollsk ut spele hans. Han døyde i 90-åri og vart gravlagt under ein hegg på Heddal kyrkjegard. Om ingen annan strør blomar på Kolsrud sin grav, so sviktar ikkje heggen honom. Kvar vår står den der duvande full av blomar og strør dei med raust hand ut yver gravi hans.
Dette var noko av soga um den namnjetne spelemannen Ola Kolsrud. Eg kan tilføya at John Kolbjørnsrud og Ambros Hellem tok upp tanken um å reisa Kolsrud’n eit minnesmerke, men diverre kom sjukdomen nett då til Hellem og han døyde, det vart so ikkje meir med dette arbeid. Her ligg ei uppgåve for dei yngre i Heddal å løysa. Det er vel heller ikkje tvil um at denne gåverike kunstnaren hev fortent eit sovore ettermele.
John Tjønn.
Avskrift fra Spelemannsbladet 1949
