Theodor Kittelsens siste reise

Skrevet for Notodden Historielag av Trond Aasland

Seint på hausten i 1913 reiste den kjende kunstnaren Theodor Kittelsen (1857-1914) til Telemark. Turen gjekk først til Notodden og så vidare til Rjukan. Det skulle bli den aller siste reisa han gjorde.

Foto: Anders.B. Wilse.

Vel fem år tidlegare hadde Kittelsen teke på seg å lage fem akvarellar som fortalte om kraft- og industrireisinga i Telemark – som eit eventyr. For det var eit eventyr Kittelsen meinte var det rette uttrykket for det som gjekk føre seg i Øvre Telemark på den tida. I september 1907 hadde han saman med fru Inga reist frå Sigdal til Notodden for å sjå nærare på industrien og kraftanlegga som reiste seg.

Eyde må ha vore meir enn nøgd med bileta han kunne feste på veggen i den staselege bustaden på Villamoen på Notodden. Det var hit Kittelsen kom – til Hydros Admini, som huset vart kalla. Det heile må ha arta seg som ei triumfferd. Ikkje berre fekk Kittelsen oppleve at Hydros unge ingeniørar sto oppstilte ved trappa. Dei bar han «på gullstol» inn i huset. Truleg var bileta den gongen i kabinettet – eit rom der ein kunne slå seg ned og vente på å få føretrede for generaldirektøren.

Så skal Eyde ha kome og tok Kittelsen med på ferda vidare – heilt opp til verdas største vasskraftverk på Vemork. Ikkje berre det; dei tok seg og vidare til Rjukanfossen, og som ein prikk over i-en, vart vatnet i fossen sette på. I 1913 var det vanlege at fossen var tørrlagt, og vatnet gjekk i tunnel frå Skarfoss til Vemorktoppen og derfrå gjennom den kjende rørgata ned til kraftverket.

Nokre veker før denne reisa til Telemark fekk Eyde eit brev frå Kittelsen.”Det eneste jeg ønsker er at bli lidt fri for disse pekuniære dingeldangelsorger, som stadig hindrer og som jeg er saa lugtende lei av”, skreiv han. Pengesorgene skulle det syne seg at Kittelsen tok med seg i grava.

Utsnitt frå eit av Th. Kittelsens brev til Sam Eyde.

Historia om Kittelsens fem akvarellar byrjar eigentleg på forsommaren 1907, då det var barnedåp i Sigdal. Kittelsens gode venn, advokat Vilhelm Dybwad, var fadder då Inga og Theodors yngste dotter vart døypt. Dybwad fekk då høyre at Kittelsens økonomi var så elendig at han ikkje lenger kunne halde på den vakre heimen Lauvlia.
Det må ha vore på vegen heim at Dybwad kom til å tenke på eit mogleg oppdrag: «Soria Moria-anlegget på Notodden i full svingende virksomhet». Jo, dette måtte Kittelsen kunne illustrere!

Kristiania-advokaten Wilhelm Dybwad hadde ideen til dei fem akvarellane som Theodor Kittelsen laga for Sam Eyde i 1907-08.

Dybwad fortel at han sette seg til å skrive då han kom heim. Kittelsen fekk eit brev der ideen vart meisla ut. Og kunstnaren likte det han las. Eit brev vart sendt til Eyde. Fleire brev vart utveksla. Gjennom korrespondansen og eit album med fotografi som Kittelsen fekk låne, kom grunnlaget på plass. Fleire skisser vart laga, og tidleg i november 1907 fekk Eyde eit komplett sett med skisser.
Medan arbeidet var igang fekk Kittelsen fleire innspel frå Eyde, og det er tydeleg at kunstnaren vert påverka av Eydes kommentarar. Eyde ynskjer mellom anna at arbeidarane og naturkreftene skal få sin del av æra for alt det store og nye som held på å reise seg. Han vil ha fram at mange ikkje trudde dei kunne få eit betre liv i Norge og i staden pakka reiseskrinet og utvandra til Amerika. Heile korrespondansen mellom dei to er i Eyde-arkivet på Nasjonalbiblioteket.

I memoarverket «Mitt liv og mitt livsverk» (1939) skriv Eyde: ”Kittelsen malte den gang noen billeder som viste hva han følte. Og en vakrere og morsommere tributt til mitt arbeide har jeg aldri fått”. Han var ikke alene en stor kunstner, han var også et genialt menneske,” meinte Eyde.

Dei fem store akvarellane og Kittelsens skisser er stilt ut permanent i kunstmuseet på Tinfos på Notodden. Eydes etterkommarar ynskjer at dei skal visast for publikum på Notodden – staden der industrieventyret tok til.

Trond Aasland