Svein Sem: Ynskjer eit meir aktivt jordbruk i Heddal

Svein Sem

I seinare år har endringane i jordbruket i Heddal ikkje vore til det betre, meiner Svein Sem som er uroar over utviklinga. Nokre stader i bygda er me komne til «andre generasjon postkasse-eigar». Det er ikkje ei god utvikling, seier han i eit intervju som du kan lese i Notodden historielags årsskrift 2025, som no ligg føre.

I eit lengre portrettintervju peikar han mellom anna på at Heddal har eit etter måten godt jordsmonn og godt lokalklima og kunne spela ei viktigare rolle om me tenker på det større biletet, som handlar om berekraft, kortreist mat og sjølvberging i ei uoversiktleg og uroleg tid.

–  Det grøne skiftet er ikkje berre å leggje om energiforsyninga og at det vil koma ei tid etter oljealderen. Det er òg å svare på kva me skal leva av i framtida. Matproduksjon må jo vera ein viktig del av dette, fastslår han – og minner oss på at når bruk vert lagt ned, så er det ikkje berre avlinga som går tapt; det er òg kunnskap og overføring av kunnskap som fell bort.

I intervjuet fortel  Svein og kona Astrid om drifta på garden Roe, i deira tid og før Svein som odelsgut måtte ta over etter far sin. Mellom anna får me høyre om korleis dei har fått hjelp til den daglege drifta på garden. Svein sine gjeremål har vore meir enn i drive gard.

Gode hjelparar

– Nokon måtte vera der, stelle dyra, passe på. Gode hjelparar kom, med høgst varierande bakgrunn. Det var flest unge gutar som lika å stelle med dyr, bruke motorsag eller køyre traktor som eit avbrot frå skulearbeidet. Det var òg folk frå «Rusa» og somme som sleit med livet sitt, t.d. å kome tilbake til sivilisasjonen etter eit fengselsopphald.  – Me har rekna etter at me har hatt over 20 slike «tenestegutar». Og det er stor stas når dei kjem på besøk.

Astrid og Svein er samde om at dette er noko av det finaste dei ser tilbake på. Astrid nemner eit eksempel med ein 17-åring som ringde henne. Svein låg på sjukehus, alvorleg hjartesjuk. «Astrid, sa han; eg kjem attende. Eg skal hjelpa deg!» Svein minnest ei anna melding medan han var sjuk: «Naboane går saman. Me tek våronna for deg!»

12 gamle tupper…

I intervjuet kan me også lesa om «skjebneåret». Garden skulle takserast.

– Eg skjøna at det var viktig at underdekninga vart så låg som mulig. Me hadde 12 gamle tupper på garden på den tida. Dei vart òg førte inn i rekneskapen. Året etter var dei ikkje med i oppsettet. Då fekk me besøk av ein frå landbrukskontoret som ga seg til å leite etter tuppene. Eg fortalde at det var minken som hadde tatt dei. Borte var dei! Det kjendest ikkje godt at eg hadde så lite tillit. Eg var nok litt irritert og ga klar beskjed: Trudde du verkeleg at eg ville gjera meg til kjeltring for 12 gamle tupper!? Det gjorde godt å få sagt det. Seinare, då eg  ville bygge grisehus, fekk eg òg avslag på lån, fortel Svein Sem i intervjuet.

Nydyrka mark på Roe

Svein har dyrka nytt land, 120 mål i alt, i den tida han var bonden på Roe. Mesteparten er gjort med dynamitt, ein-skjers-plog og Trysilskuffe, og han kan gle seg over 30 mål med nydyrka mark det siste året, men synest ikkje det monnar noko særleg når ein held det opp mot det store biletet. Garden Roe, med røter langt bakover i tida, er som eit spegel av kor omskifteleg og krevjande det kan vera å drive ein gard.