Kristofer Uppdal – ein rallar i telemark

Forfatteren Kristofer Uppdal var en av de mange rallarne som arbeidet på anleggene i Telemark, både ved Notodden og Rjukan, for om lag hundre år siden. Deler av Uppdals forfatterskap henter sitt materiale herfra.

Uppdal er interessant som formidler av anleggsarbeidernes kår – sett fra innsiden. Men han er også interessant ut fra sitt politiske ståsted:

«Han er politisk reformist, trur på ei gradvis sosial omforming av samfunnet og står last og brast med parlamentarismen, meiner arbeidarrørsla kan vinne samfunnsmakt den vegen og ein dag sikre seg fleirtal gjennom røystesetelen. Og han seier det i 1918, da landa i Europa er i ferd med å drepe kvarandre i eit blodbad ein aldri før har opplevd»…..

«Ettertida kan finne djup klokskap i mye av det han skriv, og samhug med tankane hans, på ei rad felt. Vi kan sjå at han i mange høve fikk rett, enda om samtida ikkje såg det. Det er ein vond ståstad. Å få rett når ein har levd ferdig, gir lite av ære i livet. Uppdal døydde i denne posisjonen, mest som glømt av si tid.»

Arild Bye (red) i «Kamp, Sakprosa i utval» H. Aschehoug & Co, (2012)

Ein heimlaus proletar
«Eg arbeider ved grusinga på Tinnosbana no. Og bur i ei 16-manns brakke, ligg om natta på granbar, et havregryn og vatn, til amerikansk flesk med brød til, og litt svart kaffi. Et som ein hest og arbeider som ein hest, for arbeidet er av dei tyngste.

Mine kameratar sit rundt meg og spelar kort og bannar på svorsk, og lufta inne i romet er tung av sveitte og fotsøyr, og inne i eimen av sveitten og fotsøyret blandar seg dunstane av oppbrukt luft som små tunnelar, lik knallperler som eksploderer, blir pressa ut av kroppen, og den sterke skråtobakksrøyk legg ein helvetes blå farge over heile herlegdomen.

Eg er ein landevegens son, ein heimlaus proletar».

Kristofer Uppdal, Storemo brakke, Notodden (1909).

Utdrag fra brev til Marius Braatt.

Fossen
I 1910 utga Uppdal en novellesamling på Olaf Norlis forlag; Ved Akerselva og andre forteljingar. En av novellene kalte han «Fossen». Den forteller om en hendelse ved Svelgfoss-anlegget.

«Einkvan hadde funni ut, at fossetrolle’ som gjætte gullhallen var guden elektrisitet, og no bygde me eit tempel til guden. Me skulde gjera honom blid og faa honom te aa opne gullhallen. Og eg tenkte med meg sjølv som eg stod der og arbeidde, at gullhallen opnar seg nok naar me fekk temje guden til ein liknande slave som arbeidarane var.

Gulle’ kjem nok fram gjenom gullmylna, tenkte eg. Men fossen let seg ikkje binde godviljugt. Hemn vilde han ha. Og han murra og frøste. Og endeleg fekk han trump som gjorde beit.

Ein tømmermann skulde hanke seg med hendene etter ei line over paa hi sida. Det var eit vaagspel. Me sto med anden i halsen og saag paa. «Ja, gaar dette bra,» sa Smaa-Kalle, «saa ta mig tusan!»

Mannen var no midt over fossesvelge’. Daa rauk lina. Eller kanskje ho losna. Og mannen gjekk paa hovude’ og ut og beint i kjeften paa trolle’ som hogg gule tenner i honom. Det skar i eit langt skrik som dilra som eit staalblad. Men over skrike’ dundra fossen i glad knegging.

Eit par armar og hender med fingrar som klør, krøykte seg upp. So flotna og flaut hovude’. Tvo augo opna seg den siste gongen og gret av fælske liksom dyreaugo gjer, naar dauden kjem. Fossetrolle’ storflirde. Det kasta tømmermannen fraa pall til pall. Det trøydde seg med honom som katten med musa. So aat det honom bit for bit».

Last ned art. i pdf