
Tinnemyra har vore mykje framme i seinare tid fordi Kartverket provoserte med sitt «Tinnemyr», på skilt og kart. Det er fleire grunnar til at namnet skal ha bunden form. Men ein kan også undre seg over at ei tjørn heiter «myra». Forklaringa på dette finn vi i notata til Helge Albrecht Larsen for hovudfagsoppgåve i norsk om stadnamn 1952.
Larsen fann belegg for at det opphavelege namnet på området var «Tinnemyrane», altså fleirtal og bunden form. For her var ikkje noko vatn, men myrar, og dei høyrde til garden Tinne. Tinnemyrbekken, truleg med nokre vasspyttar, rann gjennom dei og ned i Grotbekktjønna. Folka på Grotbekk slo storrgraset på desse myrane. Denne plassen under Sætre kan ha vore i drift heilt frå 1500-talet. Vi er sikre på at den var der på 1700-talet. Ein av husmennene var Tosten Olsen Grotbekk, som sat på plassen frå 1846. Drifta på Grotbekk stoppa i 1911.
Avviklinga kan henge saman med at Grotbekktjønna frå 1910 kom i bruk som vannforsyning for Notodden. Også Tinnemyrane blei då ein del av reservoaret. Ved utløpet av myrane blei det bygd ein større dam i 1923, slik at dagens vatn vart danna. Larsen forklarer at namnet då, heilt logisk, blei «Tinnemyrtjørna». Om det nokon gong kom i allmenn bruk, er tvilsamt.
Larsen går ikkje inn på utviklinga vidare, men den ligg i dagen. Folk likar ikkje lange stadnamn og finn utvegar til kjappare nemningar. Ein variant som «Tinnetjønna» var ikkje god, for den sa lite om kor denne tjønna låg, og ville til forveksling likne Tinnestjønna under Tinnes. Samstundes eksisterte jo minnet om at vatnet låg på Tinnemyrane. Folk har då samla seg om varianten «Tinnemyra», med tilvising til dei opphavelege Tinnemyrane. Eintal «myra» var no det naturlege fordi dammen hadde omdanna myrane til eitt samanhengande vatn.
«Tinnemyra» er då eit knapt hundre år gammalt namn, men «Tinnemyrane» kan vere verkeleg gammalt. Dette stadnamnet understøttar då at også namnet på dagens tjønn skal ha bunden form. Samstundes er «Tinnemyra» eit eineståande namn. Det finst berre ein gard Tinne, og dermed berre ei Tinnemyra i Norge. Slike eineståande namn på tjørner og myrar (og på vatn, når namna ikkje er svært gamle) får bunden form i øvre Telemark.
Namn på tjørner og myrar som gjentar seg over større område, følgjer i øvre Telemark den eldgamle måten (før Svartedauden) med ubunden form. Døme: Langetjønn, Kroktjønn, Svarttjønn, Bergtjønn, Damtjønn, Kringletjønn … Dette temaet vil eg ta opp seinare, for Kartverket har ikkje oppfatta systemet, og feilaktig endra namn på fleire tjørner i Notodden frå bunden til ubunden form. Det heiter ikkje Grotbekktjønn, Tinnestjønn eller Nisitjønn, slik det no står på norske kart. Men dei namnefaglege har, som kjent, ført «Tinnemyr» tilbake til den unisone folkelege uttalen «Tinnemyra».
Arne W. Aasland
