Rikard Berges pris 2024

20. april mottok Notodden Historielag Rikard Berges pris 2024 på Akademiet i Rauland. Prisen består av et flott diplom samt kr. 5000,- til laget. Leder i historielaget John Einar Oterholt mottok prisen. Fra venstre på bildet, Ole Arvid Vassbotten (Notodden Historielag), Sigrid Bø (Rikard Berge-komiteen), Ellen Schrumf (Telemark Historielag) John Einar Oterholt (Notodden Historielag), Ragnhild Kaste Kaasa (Notodden Historielag) foran Inger Johanne Bakka (Notodden Historielag)
Under bildet kan komiteens begrunnelse leses.

Representanter fra Notodden Historielag mottok prisen på Akademiet i Rauland

Rikard Berges pris 2024

Rikard Berges pris for 2024 blir tildelt Notodden historielag for framifrå arbeid med å dokumentere, bevare og formidle historie i Notodden kommune. Historielaget blei skipa i 1981 og har sidan den gong gjort eit godt lokalhistorisk arbeid.

Historiske årsskrift utgjer ein viktig bolk i verksemda hos mange historielag, og her stiller Notodden historielag sterkt. Laget gav ut sitt fyrste årsskrift i 1983, og til jul kom utgåve nummer 40. Bak dei hundretals artiklane og tusnar av sidene ligg det utan tvil eit imponerande arbeid. Årsskriftet for 2023 hadde ti bidragsytarar med tematikk frå Gavlesjåstulen på Lifjell til kvardagsmat i gamle Heddal. I tillegg til å belyse interessante sider ved lokalhistoria, er årsskrifta velutforma og inneheld eit rikt biletmateriale. I 2023 gav også historielaget ut band 4 i serien om husmannsplassar i Notodden kommune. Dette er eit viktig arbeid for ettertida.

Notodden historielag utmerkar seg også digitalt. Dei har ein særs god nettstad med historiske artiklar, fotomateriale og anna lokalhistorisk stoff. Laget er også dyktige til bruke Facebook for å formidle lokalhistorie. Historielaget er eit aktivt lag med kring 300 medlemer med mange foredrag og aktivitetar i løpet av kalenderåret. Dei disponerer også ein av dei gamle arbeidarbustadane i Grønnbyen, der den eine delen av bygget er innreia slik den var i perioden 1911-1920.

Ein kan med dette konkludere at Notodden historielag gjer ein avgjerande innsats for å bevare og formidle den rikhaldige historia i Notodden kommune, eit arbeid som er i beste Rikard Berges ånd. Me gratulerer Notodden historielag med Rikard Berges pris for 2024.

Komiteen for Rikard Berges pris
Gunnar Brekke Amundsen
Sigrid Bø
Tor Kjetil Gardåsen

TIL TOPPEN AV SIDEN