Treskjerarane som hausta gull

Skrevet for Notodden Historielag av Trond Aasland

At et industrieventyr trengte ei storstue, bør ikkje overraska. At den måtte få form som ein eventyrhall, låg langt på veg også i sakens natur.

Heldige var Sam Eyde og arkitekt Henning Klouman. For i 1905 var i Kristiania ein verdskjent treskjerar – John Borgarsen (1863-1930) som nett på den tida var på høgda av karrieren. Tingingane til verkstaden hans kom til å omfatte både interiør, søylar og veggpryd til to etasjar, samt ein del møblar til den påkosta gjestebustaden på Orekåsmoen. Ein kan undrast over at det var mogleg. Søylane var så store at vi må tru dei kom båtvegen til Notodden, og dei held seg godt, meir enn 100 år etter at dei kom i hus.

Når me tenkjer på kvalitet og at Hydros Admini på Notodden vart gjort ferdig på eit års tid (1906), så kan me trygt plassera Borgarsens arbeider her inn i rekka av meisterstykke. Og dei er mellom eit fåtal større arbeider som er i behald og ikkje er blitt heimsøkt av den raude hane.

John Borgersen hadde på den tida sin eigen verkstad i Keysersgate 2-4, eit steinkast frå Trefoldighetskyrkja, sentralt i Kristiania. Sjølvsagt hadde han dugelege medarbeidarar. Samen var dei berarar og fornyarar av ein treskjerarkunst med liner attende til vikingskip og utsmykkinga av dei gamle stavkyrkjene.

John Borgarsen vaks upp i Porsgrunn og var elev ved Porsgrunn Husflids- og Arbeidsskole. Her var far hans, Borgar Borgarsen, både lærar og bestyrar. Borgar Borgarsen kom frå ein gard på Roheimheia mellom Notodden og Bø. Han hadde hatt arbeid og verkstader både i Kristiania og på Gvarv før han kaupte Floodgården i Porsgrunn.

Borgar Borgarsens juvelskrin som fekk gullmedalje på verdsutstillinga i Paris.

Valet var ikkje tilfeldig. For ein treskjerar som skaffa seg inntekt ved kunstnarisk utforming av møbel, skrin, knivskaft og krus, låg det til rette for endå større oppdrag, så som utforming av gallionsfigurar til fartøy. Borgar Borgarsen vant ry som ein av Norges dyktigaste treskjerar og var med på store internasjonale utstillingar i andre halvdel av 1800-tallet. Eit av høgdepunkta var eit krus av lønn med rosenskurd. For det fekk han gullmedalje på verdsutstillinga i London i 1862. I 1867 vann han gullmedalje på verdsutstillinga i Paris for mellom anna eit juvelskrin. Også fleire av brørne hans blei anerkjente treskjerarar. To av dei slo seg ned i USA.

Denne stolen, som John Borgarsen laga i mellomalder-stil, står no på Victoria & Albert Museum i London.

Den eldste sonen, John Borgarsens arbeider og karriere, kom likevel til å overgå den anerkjenning som blei far hans til del. Ein bit av forklaringa er at han gjennom mange år samarbeidde med målaren Gerhard Munthe, som var særleg opptatt av å dyrke fram nasjonalromantikken. Ikkje sjeldan blei han omtala som «Munthes hoffsnikkar». Det Munthe teikna, skar Borgarsen ut i tre. John Borgarsen samarbeidde også med fleire andre av samtidas kunstnarar og dugelege arkitektar. Han laga møbel og større romutsmykningar.

Møblane han stilte ut på Verdsutstillinga i Paris i 1900, vekte ei veldig interesse. Til denne utstillinga hadde han laga romdekorasjonane til Kristiania Haandverks- og Industriforenings avdeling. I tillegg deltok han med ein eiga bjelkestue, fylt av møblar i drakestil og kopiar av norske mellomalderstolar.

Etter denne utstillinga, kor han kunna taka med seg ei høgthengjande gullmedalje,  fekk han tingingar fråfleire land. Form og kvalitet trefte godt i ein tid då jugendstilens myke linjeføring enno var ettertrakta. Fleire av dei store kunstindustrimusea sikra arbeider han hadde gjort. Mellom desse er Musée des Arts Décoratifs i Paris, Victoria & Albert Museum i London, og Österreichisches Museum für angewandte Kunst i Wien.

Borgar Borgarsen med familie. Bak frå venstre ser vi sonen John Borgarsen med kona Karen. Vidare: Kari med mannen, Kristian Flater, Adolf, Tone, Hans. I midten: Borgar Borgarsen med kona Kari Johnsdatter. Foran: Oline Amalie, Johannes.

Jamvel den tyske keisar Wilhelm II hadde sett kva Borgarsen kunne utrette med dei rette jarna i handa. Han hadde fått arkitekt Holm-Munthe til å teikne eit jaktslott i Rominten i Tyskland. Arbeidet med møbel og innreiing blei eit oppdrag for John Borgarsen. Mellom andre større oppdrag han tok på seg er interiøret i Norges faste utstillingspaviljong i Venezia frå 1907 og restaureringa av Håkonshallen i Bergen i 1915. Uheldigvis er også dette gått tapt i brann.

Då John Borgarsen døyde i 1930, sette det punktum for dragestilperioden i norsk veggdekorasjon- og møbelkunst, ein markant og ganske eventyrleg epoke. Han var ein einar i si tid, og høyrte til ein gåverik familie. Han og broren Borgar, som drog til Chicago, var treskjerarar. Broren Hans var ein anerkjent portrett- og kunstmålar. Broren Torvald var arkitekt. Broren Johannes blei lektor ved Tinn høgre ålmenskule på Rjukan. Systera Anna var lærar, og søstera Kari var høgt skatta og etterspurt for sine vakre vevnader.

Kilder: Norsk kunstnerleksikon
Ragnhild Hagen: Treskjærerarven fra Telemark, (brosjyre,1983, basert på kildemateriale fra Ragnar Moen).

TIL TOPPEN AV SIDEN