I Heddal er det ein plass som heiter Passpå. Kjerringa der låg sjuk og ho hadde ei gjente som skulle hjelpa til med å stella i huset, og ho skulle stelle kua og sauen. Det var berre ei ku og ein sau. Ein kveld då gjenta var i fjøset, kom det inn ein gut til kjerringa. Han var gråkledd og liten av vokster. Kjeringa som låg i sena, bad guten setja seg bort til åren for å verma seg. Men då gjenta i det same kom inn frå fjøset vart guten stabeint borte. Det var som han skulle vera sokken i jorda. Dette syntes dei var rart, og det var ‘kje fritt for anna dei vart redde både gjenta og kjerringa. Morgonen etter da gjenta kom i fjøset, stod sauen pa hovudet i vassbytta og var daud. Frå dagen var det alltid urolegt i Passpå. Alt det som kjeringa eigde blei kasta hit og dit. Koppar- og mat ramla ned frå skåp og bord, og jamvel salmeboka kom sendande ned frå hylla så blada fauk. Brillune henner blei vridne ihop så ingen greidde å retta dei skikkeleg til att. Sengebandet blei så ihopknytt at det var reint grovt, og ingen greidde a løysa det opp att. Ein morgon fann dei stakken til kjerringa på golvet i gangen, tilsøla på verste vis.
Det kom mange til Passpå for å få greide på dette. Jamvel presten kom der og. Han hadde Bibelen med seg og han la han på bordet jamsides salmeboka til kjerringa. Da han hadde sete der ei lita beite, går dei ikkje åt, før salmeboka blir kasta ned av bordet så blada drauste. Men Bibelen låg still.
Ein morgon det var kome nysno ville dei sjå vel etter kring husa. Då såg dei spor bortetter til vårfjøset. Det var ‘kje skikkelege spor etter mannefot. Det var berre som halve føter. Då det aldri vart fred, laut kjerringa flytja frå Passpå.
Avskrift fra Telen tirsdag 12. april 1960
