8. og 17. mai er dagar eg minnest!
Svein Sem var sju år gamal «då freden braut laus». Nokre minne frå krigsåra sit i han som veldig sterke – vonde og gode. I høg grad handlar det om far hans, Leiv, som vart arrestert under ein razzia hausten -43 og sendt til Grini.
– Mor har fortalt ein del om dette. Ho var ei handlekraftig dame. Eg visste at det var ein radio i huset. Mor fekk kasta han ut gjennom eit vindauge – han vart borte i nysnøen… Trass i den sentrale posisjonen papa hadde i Milorg her i bygda, så fekk dei ikkje noko på han, og han kom etter kvart heim att, men opphaldet på Grini tok hardt på helsa – han fekk ein knekk. Det var kaldt, dei var dårleg kledd og fraus mykje. Rett nok kunne han fortelje at dei gjekk turar i leiren med Francis Bull og høyrde foredraga hans. Dei kom seinare i bokform, men i det store og heile var krigsåra ei vond tid. Ein ven av far gjekk inn i NS. Papa såg ein annan veg når dei møttest, men han kjende det gjorde vondt.
– Etter krigen har det vore ei utbreidd meining at me som budde på ein gard hadde rikeleg tilgang på mat og at bygdefolket ikkje ville dela med andre. Det var ikkje slik. Her på garden var det to tenestegutar. Den eine var aktiv i Milorg. Det var ein av grunnane til at det stadig var folk innom. Dei fekk forsyningar med kjøt, korn, poteter og grønsaker. Mange var og henta mjølk. Korn vart malt om natta. Det gjekk faktisk føre seg i så stort omfang at her vart fingert eit korn-tjuveri. For at det skulle verka truverdig, vart det strødd korn heilt opp til hovudvegen. Bøndene hadde prispolitiet på nakken, og kornmengda på garden blei stadig kontrollert.
Du hadde rett!
I februar -45 kom ein tropp med soldatar til garden. Forklaringa var at dei trengte ein «stellplass». I realiteten var det eit ledd i den tyske tilbaketrekkinga som pågjekk. Svein minnest at det vart eit høglytt ordskifte mellom far hans og ein offiser. Så skulle tre månader gå. 8. mai kom offiseren attende til garden, køyrande på sykkel. Han hadde visst fått permisjon for å ta denne turen, sette sykkelen frå seg og strekte ut handa mot far.
– Du hadde rett, sa han. Me har levd på ei lygn! Så synte det seg at han var frå Austerrike. Han fann fram bilete av familien – og dei fekk ein etter måten hyggeleg prat.
– Me hadde radio på garden. Ved middagsbordet dagen før hadde far fortalt at det var «full kapitulasjon». Då vart det heilt stille i stova. Svein fortel at mor og far held rundt kvarandre, klemmer kvarandre – lenge. Ja, meir enn det. Me var slett ikkje vant med at vaksne folk kyssa kvarandre. Det var eit øyeblikk som verkeleg sette kjensler i bevegelse. 8. mai vart det skote – høge smell – av rein glede. Det var som om karane frå Milorg endeleg fekk bruka våpena dei hadde skaffa seg. Og på same dagen som dei skaut vart Ragnhild Smedsrud fødd på nabogarden, kan eg hugsa…
Papa gjekk ikkje i 17.-maitog
– Du hugsar desse hendingane. Då hugsar du truleg også 17. mai 1945…
– Ja – og det eg minnest aller best er at me fekk papirflagg. Dei var ikkje noko tess og gjekk fort i oppløysing. Me brydde oss ikkje så mykje om det. Gleda over at det igjen var fred var det som verkeleg betydde noe. Men papa gjekk ikkje i 17. mai-tog, ikkje da, ikkje seinare. Eg har ikkje anna forklaring enn at det vart for sterkt.
Denne teksten inngår i et lengre intervju med ASTRID OG SVEIM SEM som TROND AASLAND har skrevet for NOTODDEN HISTORIELAGS ÅRSSKRIFT 2025 med utgivelse i 4. kvartal -25.