TINN – made in Notodden?

Tekst: Arne W. Aasland

Kor oppstod stadnamnet «Tinn», og kva betyr det eigentleg? Granskarane har prøvd seg på spørsmålet i hundre og femti år. Namnet kan vere to tusen år gammalt i germansk, og har kanskje ein forløpar i tidlegare språk. At det er det same «Tinn» som ligg i Tinne og Tinnes i sør, Tinnåa (el. Tinna) med Tinnoset i midten, Tinnsjå og bygda Tinn i nord, er udiskutabelt.

Tinnfossen i si naturlege drakt. Kanskje er denne tvigreina fossen opphavet til namnet Tinna/Tinnåa, og dermed også til Tinnsjå og bygdenamnet Tinn.

Men fagmiljøet har berre leita i Tinn, og landa på høgst ulike forklaringar, som alle verkar usikre. Denne forfattaren prøvde i årsskriftet for 2010 å peike på Tinnåa som opphavet. Her går eg vidare på det sporet, etter meir grubling og ei aha-oppleving frå namnegranskaren Per Hovda.

TOLKINGANE TIL NO

Starten på desse tolkingane var ei undring over bygdenamnet Tinn. Opphavet måtte jo liggje der. Den første forståinga baserte seg på landskapet. Embetsmenn på 1500-talet og seinare var ikkje gode i gammalnorsk/mellomnorsk, og kunne fordanske stadnamna. Vi finn skrivemåtar som «Tind» og «Tindsiø» frå den tida. Bakom låg nok ein tanke om at «tinn» handla om Gaustatoppen. Professor Sophus Bugge prøvde på 1800-talet å forklare bygdenamnet Tinn med «tjorn» i norrønt, og viste til dei mange vatna og tjørnene i landskapet. Tjorn kunne utvikle seg til «tirn» og så «tinn».

Namnegranskaren Albert Kjær, som redigerte storverket «Norske Gaardnavne» etter Oluf Rygh (Telemarksutgåve 1914), var trygg på at opphavet låg i hovudvassdraget og at berre Tinnsjå kunne setje namn på både bygda og utløpselva. Han meinte Tinnsjå kunne vere ein variant av sjønamnet Tisnaren i Sverige, der tis- er eit germansk verb for å lyse eller skine. Eit «Tisnir» frå starten kunne ha utvikla seg til «Tinnr» i gammalnorsk. Då bygda tok namnet Tinn, fekk vatnet då eit «sjå» i tillegg.

Alle seinare tolkingar har følgd Kjær på at «tinn» skildrar Tinnsjå. Truleg har ein også oppfatta Tinnsjå som «sjøen til bygda Tinn».

Frå namnegranskaren Eivind Vågslid kom 1984 endå ei forklaring basert på lystilhøve. Han såg for seg eit verb «å tinna», ein variant av det gamle, tyske zu zinden, om å skine, gløde. Verbet er rett nok ikkje registrert i gammalnorsk, men vi har jo «å tenne» i dag.

Ein heilt annan tanke blei i 1955 kasta fram av namnegranskaren Per Hovda (mannen bak eldremilliarden). Han bygde på forma på sjøen. Hovda hadde kone frå Atrå, og såg ofte Tinnsjå frå bilvegen gjennom Hovin. I bakkane ned mot Austbygde la han merke til at vatnet i nordenden hadde ein arm til Atrå og ein til Austbygde. Han konstruerte då eit urnordisk (eller urgermansk?) «Twiznir» om ein sjø med to greiner. Med lydreduksjon i apokopetida kunne det bli til «Tyznir» og så «Tinn» (via Tynnir?) gjennom ei lydutvikling han gjekk god for. Det er forstavinga «tvi» Hovda byggjer på her om noko som er kløyvd eller todelt, slik vi kjenner det frå talordet «tvo», frå Tvitjørnane, Tvisteinen, eller Twin Peaks…

Siste bladet i soga kom i Norske innsjønamn, bind 4 frå 2002 om Telemark. Der gav professor Kjell Venås si støtte til Per Hovda, truleg til både språk og etymologi, utan elles å tilføre noko som helst.

Ragnar Dybdal på Tinn museum (NIA) trur i eit skrift frå 2009 mest på tankane til Kjær og Vågslid. Under elgjakta, frå visse fjell i nord, har han sett ein spesiell lyseffekt på Tinnsjå, ei glødande flate sørover. Bygdebokforfattaren i Tinn meinte derimot at djupe Tinnsjå er eit mørkt vatn.

EI VURDERING

Denne forfattaren trur då at lys eller mørk sjø er lite sannsynlege kjenneteikn for dette store vatnet. Store vassflater varierer alltid etter tid på døgnet, vêr og årstider. Og Tinnsjå har i alle fall ikkje ein lys botn som pregar vatnet. At Tinnsjå er ein toarma eller kløyvd sjø, er vel heller ikkje det ein tenkjer på først. Mange vatn har rett nok namn etter form. Først og fremst er Tinnsjå lang og svingete, og folk har gjennom tidene opplevd han slik med båt eller med hest på isen. To bukter i nord kan diskuterast. Bukta inn til Austbygde er knapt ei bukt, og bukta inn til Atrå kan ein like gjerne rekne som avslutninga på sjølve vatnet. Den einaste armen, som t.o.m. kan ha vore lengre før, er den inn til Mæl (Rollag). Nemninga toarma eller kløyvd kunne høve betre på ei form som den Tyrifjorden har.

Tinnsjå og Tinnåa er namn over same lest, «tinn». Det er ikkje lett å vikle opp språkleg om «tinn» er brukt likeverdig fordi dei har noko felles, eller om «tinn» er grunnord i det eine og utmerkingsledd i det andre. Vi har ein del døme i Noreg på at vatn og utløpselv deler namn, som Mår og Mår i dette området. Meir vanleg er det at elva set namn på innsjøen, som Nidelva og Nisser (Nid og Nidsær) i Telemark/Agder. Drøfting av ein slik problematikk er heilt fråverande hos forskarane i tilfellet Tinnsjå/Tinnåa. Dei løfta aldri blikket og tenkte ut frå heile førekomsten av Tinn-namna, men låste seg heilt i Tinn og Tinnsjå.

Tinnåa er ei «fargerik» og variert elv, og dalen langs henne ei gammal ferdselsåre. Det «normale» ville vere at ho hadde sitt eige namn. Viss endinga «sjå» har vore med heile vegen om Tinnsjå, peikar det mot at «tinn» skildrar berre elva, og at Tinnsjå er eit sekundærnamn: «sjøen til elva Tinna».

For folk på Notodden blir det noko merkeleg ved at eit stadnamn frå ein innsjø nokre mil lengre nord skulle kome siglande nedover og vere treffande for ein markant foss og to eldgamle gardar ved Heddalsvatnet. I dag veit vi at hovudgardane i Heddal var busette for om lag fire tusen år sidan, og truleg noko før gardane i Tinn, etter gardsnamn og landskap å døme. Venta folket i Hitterdal (Heddal) eit tusenår med å setje namn på elva og på Tinne og Tinnes til tinndølane hadde skapt dette «Tisnir» eller «Twiznir»?

DEN TOARMA ELVA?

Eg har då hatt mest tru på elva som opphav, og fekk ei aha-oppleving då eg las om den «toarma» hos Per Hovda. Tinnfossen nedst i elva er todelt, kløyvd! Så innsåg eg at det korte elveløpet vidare til Heddalsvatnet også er meir eller mindre todelt. Det er svært vanleg at elvane fekk namn etter nedre del, der dei er mest vassrike og munnar ut i eit vatn eller ein fjord. Og der kom veidefolka og jordbrukarane, som tidleg sette namn på elvar. Så kraup namna oppover i vassdraga, for elvane var viktige vegvisarar. Elvenamna er den namnegruppa som mest har sett namn på innsjøar, dalar og kringliggande gardar.

TINNFOSSEN OG NEDRE ELVELØP

Fossenamnet er gjerne blitt skrive Tinnefoss/Tinnefossen og forklart som «Fossen til garden Tinne». Men folkeleg uttale er «tinnfoss», så langt eg kjenner til, oppvaksen nokså nær fossen. Berre halve fossen/elva høyrde til Tinne, den andre halvdelen til Tinnes. Eg vel her å tru at namnet seier dette er «Tinna sin foss». Vidare oppover finn vi Sagafoss, Lienfoss, Svelgfoss, Grønvollfoss og Årlifoss, med namn frå gardane, eller frå landskapet (Svelgfoss). Berre ein har i staden namnet til elva, den første og største. Tinnfossen hadde eit naturleg fall på nær 20 meter, og var eit sentralt landskapselement i dalen. I dag ser vi han berre i flaum.

Landskapet rundt fossen er fascinerande med kraftige og stabile bergformasjonar. Midt på fossetoppen står ein stor klippe, Midtskjæret, og lagar ein dobbel foss. Dei to falla er også ulike – det i vest nærmast loddrett, det i aust meir eit bratt stryk. Fossen landar i ei djup gryte som i flaum kokar av vassføyke.

Elva held fram i eit gjel som smalnar før det opnar seg etter kring 200 meter. I smalaste gjelet stod til 1953 ein høg bergknaus og kløyvde elva på ny, i eit austleg og eit vestleg løp. Den gamle trebrua over gjelet støtta seg på denne knausen. Dei to straumane blei til to løp, eit på kvar side av ei lang grusøyre, Tinnesøyra. ( I dag går heile elva i det austlege løpet etter senking av elvebotnen sist på 1950-talet.) For om lag tusen år sidan møtte elva Heddalsvatnet i nedre enden av denne grusøyra, altså som todelt. Går vi tre tusen år tilbake, gjekk fjorden frå Skien inn til fossefoten (17-18 moh. i dag). Heile tida gjennom dei siste tusenåra har altså fossen, og til dels elva, vore tydeleg kløyvd. Og det er innanfor denne perioden at elva fekk namn.

To store gardar blei tatt opp på kvar si side av utløpet i Heddalsvatnet, Tinne og Tinnes. At dei heiter dette, kan vel berre reflektere at namnet «Tinn» stod svært sterkt her. Dei ligg som portnarar til elva. Tinne er ein slags urgard i området, med store jordressursar (m.a. i dagens Tinnebyen) og skogar heilt til fylkesgrensa mot Buskerud. I skriftlege kjelder finn vi Tinne (a Tinnu) frå 1338. Namnet er tydeleg i dativ (på Tinne), truleg av nominativ «Tinna», faktisk same namn som elva. Tinne har vore både tingplass og lensmannsgard i Hitterdal. Tunet ligg som ei borg på ein høg rygg med utsyn (mot fiendar?) mange kilometer sørover i Heddalsvatnet. Tinnes ligg også på eit bergplatå ut mot vatnet. Garden er stor, og blei delt i to gode gardar alt på 1500-talet. Truleg har både Tinne og Tinnes ei fortid på 3-4 tusen år, slik arkeologane no har stadfesta om nokre gardar oppover i Heddal.

Eg tenkjer då at nedre delen av Tinnåa er sjølve episenteret for namnet Tinn. Elva kan i urnordisk tid hatt namnet Twizna, «den kløyvde», viss vi tilpassar teorien til Hovda for elv. Namnet utvikla seg mot enklare uttale, truleg til Twinna og så Tinna. Opphavet ligg både i fossen og resten av utløpet mot Heddalsvatnet. Truleg heitte både fossen og elva først Twizna, men då namnet etter kvart blei brukt om elva vidare, måtte ein markere fossefallet med «foss». Elva gav namn til vatnet ho kom frå, Tinnsjå, som då blei «sjøen til Tinna». Med tidleg namnsetting i sør kan dette ha skjedd for eit par tusen år sidan. Tinnoset blei utfallsosen frå Tinnsjå, som Glåmos for Glåma.

DEN TOGREINA OG DEN FLEIRGREINA

Heddal skriv seg frå Hiterdal, og dei fleste teoriar om namnet knyter seg til elva. Ein har tenkt på både kald elv («eitra») og varm elv («heitra»). Albert Kjær trudde meir på ei «Hitra», som på linje med øya i Trøndelag betyr den mangeflika eller oppsplitta. Det er ikkje tvil om at elva i nedre del har hatt stadig varierande løp over deltaområda mot Heddalsvatnet. Berre i seinare tider har ho vore kanalisert. Då veidefolk kom oppover fjorden for fem-seks tusen år sidan, og jordbrukarar etter dei, måtte dei skilje dei to store elvane i fjordbotnen (Heddalsvatnet) frå kvarandre. Den todelte og den mangeflika ville vere ei høgst forståeleg rettleiing.

BYGDENAMNET TINN?

Med desse teoriane om «Tinn» vil nokon meine at opphavet til bygdenamnet blir ei gåte. Det treng ikkje vere det. Tinn som bygdenamn dukkar opp første gongen i 1358 (20 år seinare enn garden Tinne i sør, utan at vi skal leggje stor vekt på det), men kan ha vore i bruk før det. Frå gammalt var Tinn spreidde grender, og knapt ei samla bygd. Men kyrkja hadde etablert seg, med stavkyrkjer på Rollag (Mæl) og i Atrå på 1100-talet, litt seinare på Dale. Kyrkja hadde behov for å skape eit namn for prestegjeldet. Det som kunne binde saman, var Tinnsjå, som dei truleg oppfatta som sjåen til området Tinn. Og Tinn var ikkje brukt som bygdenamn lengre sør, for der var dalen til Tinna overskygga av Hiterdal-namnet, og (kanskje seinare?) Gransherad.

At Tinnsjå ein gong heitte berre Tinnir eller Twiznir, er teoretisk sett mogeleg. Men det er og blir ei gjetting. Eg baserer meg på at «sjå» har vore i namnet heile tida, for ordet er brukt i området om andre store vatn, som Follsjå, Langesjå og Sjåen (eller Sjåvatn), det siste oppe på fjellet vest for Tinnsjå. Alle desse var viktige vatn som tidleg må ha fått namn.

KONKLUSJON

Namnet Tinn har altså oppstått i nedre enden av ei viktig elv, Tinna/Tinnåa, og på sedvanleg vis breidd seg oppover i elva, i følgje med veidefolk og jordbrukarar. Det var like viktig å namnsette Tinna som Hitra (Heddøla) då folk kom inn fjorden frå havet. Viss namnet Tinn handlar om noko som er splitta eller todelt, er nedre del av Tinna eit langt meir overtydande treffpunkt enn Tinnsjå.

Tar eg likevel feil når eg snur gammal forsking på hovudet, så meiner eg at forskarane skuldar folk i Telemark å gjere ein skikkeleg jobb, der også elva og gardane i sør blir inkluderte i resonnementet. Og ein bør ikkje tenkje berre filologi om «Tinn», men òg ta i bruk historisk og geografisk kunnskap.

Bildetekst: Tinnfossen i si naturlege drakt. Kanskje er denne tvigreina fossen opphavet til namnet Tinna/Tinnåa, og dermed også til Tinnsjå og bygdenamnet Tinn.

TROLLET I FOSSEN. Th. Kittelsens akvarell, frå eit besøk på Notodden hausten 1907

KJELDELISTE
Ragnar Dybdal: Tolv stadnamn i Tinn. NIA 2010
Eivind Vågslid: Stadnamntydingar IV, 1984
Kjell Venås: Norske innsjønamn IV, 2002
Sandnes og Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon, 1997
O. Rygh: Norske Elvenavne, 1904
O. Stemshaug: Namn i Noreg, 1973
Kjell Rasmussen: Kasin-graven, en stridsøksgrav fra Y. steinalder i Heddal, Notodden historielags årsskrift 1989.
Bjarne Berge, kraftverksjef Tinfos AS
Nettkilde: Norgeskart.no, om avstander i vassdraget, formen på Tinnsjå og skrivemåter av lokale stedsnavn.

TIL TOPPEN AV SIDEN