Rambergstugu på Heddal bygdetun

Dette var det sikre haldepunktet då Heddal og Notodden skulle få sitt museum. Bygnigen hadde blitt kjøpt inn med tanke på ei framtidig bygdesamling. Men åra hadde gått, og forfallet gjekk sin gang, og i 1947 meinte Halvor Vreim at nå var grensa nådd. Det måtte snarast gjerast noko med huset, og sommaren 1948 burde stugo vere på plass. Så raskt skulle det ikkje gå, men i 1950 stod Rambergstugo på den nye museumstomta som den fyrste bygningen på Heddal bygdetun.

Men omverda hadde fatta interesse for Rambergstugo lenge før det. I 1923 blei huset freda som eitt av dei mange i den store fredingsbylgja desse åra. Det var rosemålinga til Olav Hansson som var årsak til det. Men fredinga betydde ikkje at bygningen var automatisk verna for all ettertid. Eigaren var ikkje meir oppteken av klenodiet sitt enn at han søkte Riksantikvaren om løyve til riving same året som fredinga blei gjort gjeldande. Han skulle bygge nytt og ville gjerne kvitte seg med det gamle.

Heldigvis hadde John Ramberg sans for lover og reglar, dessutan var han ein tolmodig mann. Søknaden hans blei sendt 8. oktober 1923. Rett etter får han spørsmål frå Riksantikvaren om kva for ein bygning det er snakk om å rive. Deretter blir det stille. John purrar i januar 1924. John purrar også i august 1925. Då er han i forhandlingar med ein mann frå Notodden som kan tenke seg å flytte huset til byen og bruke det til bustadhus. John Ramberg meiner han er i sin fulle rett til å gjere dette når ikkje det offentlege viser den minste interesse for bygningen. Det einaste som har skjedd på dei nesten to åra som har gått sidan han sendte søknaden sin, er at to menn har vore på Ramberg og kikka på stugo.

I svaret frå riksantikvar Fett heitte det at Den antikvariske bygningsnevnd «under de foreliggende omstændigheder» ikkje ville setje seg mot sal og flytting. Men både seljar og kjøpar skulle vere klar over at fredinga galdt bygningen, uavhengig av kven eigaren var. Ein ny eigar måtte derfor setje opp huset nøyaktig slik det var, og alle ynskje om endringar skulle vurderast av nemnda. Dermed ser det ut til at kjøparen mista interesse for bygningen.

Neste gong John Ramberg ville selje bygningen, slo lokalsamfunnet til og sikra seg stugo til museumsføremål. Kva hadde så kommunane kjøpt: Eit hus som «hører til den spesielle Øst–Telemarkiske type på to etasjer og svalegang. På en del av framsida er ellers noe forandret. Fra et bygningshistorisk og antikvarisk synspunkt er den fremdeles et verdifullt hus – et godt og karakteristisk kulturminne,» skreiv Halvor Vreim om bygningen.

«Før herskede skikken, i småt og stort,» meinte Eilert Sundt. Når bonden skulle bygge, var det derfor skikk og bruk som avgjorde korleis bygningen kom til å sjå ut. Rambergstugo er såleis trygt plassert i norsk byggeskikk. Grunnplanet er ei tradisjonell treromsstugu som har vore vanleg både her i landet og i Sverige sidan mellomalderen: Fyrst kom ein inn i ein gang eller eit «re». Derifrå gjekk det dør inn i stugo og så inn i «kåvån» eller kammerset.

Rambergstugo har kanskje vore årestugu til å begynne med, med åren som det sentrale midtpunktet. Seinare kom peisen eller spissen og den møbleringa vi kjenner i dag: Spissen i hjørnet til venstre, skive, skåp, langbord med klokke og høgsetet i enden av langbordet, diagonalt overfor spissen. Deretter eit nytt framskåp eller matskåp, og så kom kronesenga, som truleg har blitt fjerna den gongen stugo blei panela innvendig.

Dette var rommet som med rette kunne kallast eit «allrom». Her skjedde det meste: Spissen var både varmekjelde og kjøken. Her stod husmora eller innejenta bøygd over gryter og glohaug gjennom ein lang arbeidsdag. Spissen var også lyskjelda der gamlemor sat og karda og spann, tenesteguten reparerte hesteselen, eller ein granne vagla seg på hoggestabben mens han fortalde siste nytt frå ein tur til Skien.

Ved skiva eller langbordet sessa folk seg til dei fem måltida om dagen. Tenestejenta kom inn frå fjoset og fordelte mjølka i troga på hjellen oppunder taket, og når kvelden stunda på, kraup husbondfolket under fellen i kronesenga. Dette var rommet som følte dagsrytmen på kroppen, men like gjerne årstidene og livssyklusen. Her kom nye ungar til verda, og herifrå blei gamle og unge borne ut til den siste kvila.

Då bøndene fekk betre råd i siste halvdel av 1700–talet, utvida mange av dei husa sine med ei ny høgd, og gjesterommet blei flytta frå loftet og inn i den nye delen av huset.

Medan stugo var daglegrommet, blei denne uppstugo teken i bruk berre ved spesielle høve, til gjeve gjester eller høgtider og merkedagar. Dette blir understreka av dekorasjonane. Som fire andre av bøndene i Heddal fekk Jon Larsson Ramberg og Anne Bjørnsdotter ein av dei mest kjende rosemålarane på den tida, Olav Hansson, til å stå for utsmykkinga av rommet.

Her er tradisjonelle ranker og store roser blanda med bibelske motiv. I ei rose over omnen har Olav Hansson måla eit andlet. Er det kunstnarens måte å signere arbeidet på, eller er det portrettet av av ei jente han blei glad i medan han var i Tinnegrend og måla? Kanskje er det som gamle folk i Tinnegrend sa at andletet var måla til minne om ein unge Jon og Anne hadde mista på denne tida. Går vi til bygdeboka, er det snart å sjå at det ikkje kan vere tilfelle. Men Jon og Anne kan likevel ha hatt gode grunnar for å få måla eit slikt minne. Dei hadde sju ungar. Ei av jentene veks opp og blir gift, og ei anna er det ikkje opplysningar om. Dei andre fem døyr anten som små eller i tenåra. På ein og same dagen i juli 1763 gravlegg dei to av døtrene sine. Om ikkje portrettet er til minne om ein bestemt unge, kan det vere ein heider til dei fem som gjekk bort så altfor tidleg.

Same kva forklaring som er mest sannsynleg, Olav Hansson hadde iallfall ikkje for vane å signere arbeida sine. Handverkaren som har laga senger og skåp på uppstugo, har derimot ikkje vore smålåten. «NMS» er det skore ut på bostehylla. Niri Madsson har vore så fornøgd med arbeidet at dette kunne han setje namnet sitt under. Berre 24 år gamal var han då han sette sluttstrek på Ramberg i 1781. Det same som Olav Hansson då han måla tre år seinare. Det var altså to unge menn som markerte seg på denne måten. To ekspertar på kvart sitt område, og både i Heddal, Gransherad, Sauland og Sauherad skulle dei begge setje spor etter seg i åra som kom.

Ein bygning som er så gammal som Rambergstugo, har sjølvsagt måtta tilpasse seg krava til ulike eigarar opp gjennom tidene. Den gamle svala eller reet på framsida har blitt erstatta med eit inngangsparti i bindingsverk. I 1879 ville John Johnsen Ramberg selje fire utskorne stugustolpar til oppkjøparen Torjus Leivsson. Desse var truleg frå reet, som kan ha vore rive nokre år tidlegare. Truleg har huset også fått utvendig kledning på denne tida.

På same tida kan også reet i gavlenden blitt slått saman med kåven,og spissen flytta frå hjørnet og godt og vel ei dørbreidde frå bakveggen. Dessutan blei det panel både i kove og stugu. Arkitekt Vreim ville helst at bygningen skulle setjast opp att mest mogeleg slik han stod ved flyttinga. Skulle ein føre huset tilbake til tidlegare tider, ville dette lett skje på sviktande grunnlag. Men han kunne forsvare ei flytting av spissen tilbake til det hjørnet der han utan tvil hadde stått. Panelen i stugo var også av så ny dato at det måtte gå an å sløyfe den. Vidare gjekk han inn for å kle heile huset utvendig, men den framlegget har Halvor Vreim så langt ikkje fått gjennomslag for.

Alderen på Rambergstugo har til nå vore fastsett etter innskriftene på skåp og senger. Innreiinga i uppstugo var ferdig i 1781, eit av roskåpa nede ber årstalet 1761. Men tømra i fyrste høgda ber preg av å vere ein god del eldre. Dessutan kom det for dagen eit fint mura kjellarhol innanfor grunnmuren då bygningen blei flytta. Dei som reiv bygningen, reiste spørsmålet om dette kunne vere arrestlokalet til lensmannen som budde på Ramberg på slutten av 1500–talet.

Heilt ferske dendrokronologiske prøver (årringsprøver) syner at det ikkje er så utenkeleg. Prøvene frå den nederste delen av bygningen, syner at den mest pålitelege stokken truleg er felt i 1603. Det vil sei at vi kan ha byggeåret i 1604. Den eldste stokken det er teke prøve av i Rambergstugo, byrja på sin fyrste årring i 1351. Det vil med andre ord sei at den siste heddøl var så vidt lagt i grava etter svartedauden då virket til Rambergstugo byrja vekse.

Vi har dessutan både svillar og stokkar i fyrste høgda som er felt vinteren 1757⁄58. Sidan så mange stokkar er frå nett dette året, kan det tyde på at stugo har blitt tatt ned og bygd på litt i høgda på denne tida. Det kan også tenkast at dette har blitt gjort i samband med påbygginga av høgd nummer to, og et ein tilfeldigvis har hatt liggande gammalt tømmer som er felt nokre år tidlegare. Den tredje gruppa med stokkar har blitt felt vinteren 1779⁄80. Dette gjeld tømmer i andre høgda, inklusive mønsåsen. Det vil med andre ord sei at vi kan datere andre høgda til 1780 som før.

Eit anna interessant trekk er alderen på tømmeret som er bruka. I den eldste delen er stokkane vel 200 år gamle. Prøvene frå den siste påbygginga syner tømmer som er frå 76 til 123 år gammalt. Mønsåsen er ein ungdom på 53. Rambergstugo fell dermed inn i mønsteret som syner at dei eldste tømmerhusa var bygd av gammalt tømmer. At tømmeret hadde høg alder, vil også sei at det hadde høg kvalitet.

Fra jubileomsskriftet «Lat oss ikkje forfedrane gløyma.» av Hallgrim Høydal:

Rambergstugu slik ho så ut tidlig på 1900 tallet. Bilde fra boka Foto: Johan Mayer/Riksantikvaren
Rambergstugu under bygging på Heddal Bygdetun. Foto: DM
Rambergstugu slik den står i dag på Heddal Bygdetun Foto: Ole Arvid Vassbotten
Injteriøret er mala av Olav Hansson Foto: Ole Arvid Vassbotten

TIL TOPPEN AV SIDEN