Ispilking på Tinnsjøen i Telemark

Foto: NIA

For nokre år sidan såg eg i avisone at isen hadde ligge på Tinnsjøen, og at det gjekk for seg eit bra røyefiske der. Røya var stor og feit og mange fiskarar tok opptil 8-10 kg. pr. dag. Fangsten vart gjort på pilk, meldes det.

På pilk ja. Dette var både ein lettvinn og morosam fiskemåte som eg hadde litt greie på frå trytepilketurane til Fagretjønn, Daletjønn og Benstultjønna. Men nå måtte det sjølvsagt større pilkar til, med eit anna «skap på.

Same kveld tok eg til med å laga pilkar. Men det var det vrangaste arbeid eg i min tid har byrja på. Heile huset sto nærast på ende og flaut over med all tenkjeleg reidskap og medikament. Røyk og kullos med lukt av tinn, harpiks og loddepasta sto stinn som graut, mens kvinnfolka og alle som kunne lea på seg sto rundt golvet på kne med tengar, klyper og anna gripereidskap for å halde pilkane så ein fekk maksla dei til.

Nett som vi skulle setja fast krokane som var det verste av alt saman, og gjorde oss mest på gråten kom doktoren inn. Distriktslækjaren den gongen var ny og ukjend i bygda og trudde nok sikkert han kom inn i ei slags bule eller galehus. Men eg freista då på beste måte forklare at dette var pilkearbeid og dessutan eit vrient arbeid som fylgde so mykje reidskap, røyk og lukt med. Doktoren var svært interessera. Men han hadde elles køyrt bilen sin ut for vegen og bad no om hjelp til å få den opp att. Ja, hjelp fekk han, og bilen kom på vegen att i god behold.

Nå var det berre att noko finarbeid, så var pilken ferdig. Etter pussing og gniing ei lang stund til utover kvelden hadde det vorte eit reint under av ein pilk, med naturleg fiskeskap og så blank at det skar i augo. Då me hengde den i taumen og rykte han opp og ned framfor nasane på kvarandre måtte alle medgjeva at denne fanst det ikkje røye i Tinnsjøen som kunne stå for så eteleg var han!

Om morgonen var eg oppe klokka 5. Overdadig utrusta med klær og mat og fiskekasse dro eg i 20 graders kulde oppover mot Tinnoset. Trass i at det berre så vidt hadde byrja ljosne av dag, satt det mange fiskarar rundt nede ved Dammen. Eg skunda meg utover, fann eit hol i isen og så byrja pilkinga med store forventningar.

Rundt om byrja dei dra opp fisk. Store, feite røyer bukta og vrei seg raude og lysande bortetter isen. Dette var spanande. Eg mest kaldsvetta i sprengkulda. Og for kvart rykket tykte eg det tyngde i snøret. Såleis gjekk omlag ein time; men eg hadde ennå ingenting kjent. Eg skifte hol etter hol; men ingenting hjalp. Etter meg der eg hadde fiska kom andre og dro fisk etter fisk. «Det er bra bitt i dag, høyrde eg ein sa. Ja, det er mykje fisk inne nå. Det er moro gut, svara ein annan. Noko svær moro tykte eg ikkje nettopp det var; men det betra seg vel. Og eg drog opp, ned, opp og ned. Prøva etterlikne dei andre i rykkja og rytmen, men ingenting hjalp.

 Bortan for meg sto ein hjulbeina kar i ulster som fekk mykje. Han tok små iltre steg, när han skifte frå hol til hol. Eg apa etter måten å halda stikka på og skam å segja herma eg også etter fotlaget hans. Gjorde meg litt hjul i beina og tok småe steg. Men nei da, ikkje eit napp. Dette var fortærande harmeleg, og eg skjemdes også, for alle saman utan om meg fekk røye etter røye.

Eg tok mot til meg og ropa til ein av dei næraste om kor djupt han pilka: «Ti famnar», var svaret. Eg synest det er best på 9 eg», svara eg. Ein har også noko som ein kallar «fiskarære». I løynd målte eg ut 10 famnar, men same elendigheta. Ikkje ein fisk endå det meste av dagen hadde gjenge.

Sola seig lågare over Gransheradåsane og lange skuggar seig frå land innover isen Ikkje eit napp kjende eg. Men rundt meg dro dei fisk. Elegant veiva dei snøret inn på armane, og gulraude og blanke røyer heiv seg i spretne kast snart her, og snart der bortover alle stader. Det var som dei skulle erte meg som ingen fekk.

Eg tok meg tid og rusla bort til Solvangen, far til den kjende storfiskaren. Han visste eg måtte ha rett slag pilk, for nå byrja eg undrast på om kanskje pilken hadde skulda. Han dro opp og visa meg ein pilk av heilt annan type enn min. Noko brei i rova og spissa først av mot hovudet Den var gjort av skinnande messing med ein liten krumming fremst. Krokane sat også noko annaleis. Eg vart spurt om kor mange eg hadde fått Men svara noko unnvikande at noko svært mange var det ikkje. Forresten hadde eg ikkje rekna etter heller.

Då eg kom attende til fiskeplassen min måtte eg nærast skjemmast over pilken eg hadde gjort. Denne som kosta så mykje arbeid og som eg tykte var så fin, var nå berre ein kloss av ein tinnklump. Men det skulle verta ein ny, det skulle vera sikkert. Ein som inga røye kunne gå forbi. Ein «Tinnsjøens skrekk» –sikkert og visst det!
Snart ugreide eg snøret og sto sa ein god halv time før dette var greidd ut att.

Nå var klokka halv fire og fiskarane dro ein etter ein av isen. Då med eitt hogg det på for meg. Ein stor rugg måtte det vera, for det var tungt å hala. Eg skalv av spenning. Dro inn med båe hender og var så glad at eg kunne omfamne heile verda. Det tykte ikkje vera nokon ende på snøret nå, så lenge syntes det gå før eg fekk fisken opp. Men endeleg kom han — ein stor kvist eller det var grein proppa seg fast i isholet; medan pilkesnøret rauk tvers av. Eg sa noko stygt og trampa pilk og brote nedatt i djupet. Veiva så inn. Fann sykkelen og ga denne pedallar så han krauna etter vegen mot Sauland

Avskrift fra «Arbeidstrygdes jul» 1948.
Stykket er skrevet av Andres Blomhaug, Sauland
Avskrift Ole Arvid Vassbotten