22. november lanserte historielaget ny husmannsplassbok, bind 4 som tar for seg plassene på Nordre Vestsida. Rundt 80 personer møtte fram på Kafe Olea. Ragnhild Kaste Kaasa fortalte om arbeidet med boka og Ingrid Rodahl fortalte om plassen Dalen u/Åse.
I denne boka skriv vi om Nordre Vestsida. Frå og med Roe i Yli-roden og nord til grensa mot Sauland. Området omfattar 2 Roegardar, 3 Hustveit, Glittenberg, 4 Grene, Tveiten, Smylingsås, 2 Jamtveit, 2 Tubås, Melås, Øygarden, Reshjem, 2 Baugerud, 4 Tråserud, 6 Åse-gardar, Flåta, Haugerud, 2 Langerud, Luten og 2 Øygarden. Ikkje alle gardane hadde husmannsplassar, men somme hadde mange, t.d. Grene, Åse-gardane og Langerud.